Typer graver og gravlegging

Den som er ansvarleg for gravferda, har ansvar for å bestemme om den avdøde skal kremereast eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tilviser kva grav som skal nyttast.

 

Rett til gravplass

Gravferdslova slår fast at alle som er busette i kommunen ved dødsfallet, har rett til fri grav på ny gravstad tildelt av gravplassmyndigheita.

Det blir skilt mellom urne- og kistegraver, samt mellom enkle og doble kistegraver. Ei urne kan setjast ned i ei kistegrav, men ikkje omvendt. Dersom familien har ein eksisterande gravstad, kan dette vanlegvis nyttast.

Ved kistegravferd og gravlegging i namnsett minnelund kan det festast éi grav i tillegg. I heilt spesielle tilfelle kan ein søkje skriftleg om ein tredje grav.


Gravlegging

Gravlegging

Ved gravlegging blir kista senka i jorda etter gravferdsseremonien. Kistenedsetjinga skjer vanlegvis i samband med seremonien, men kan også gjennomførast på eit seinare avtalt tidspunkt.

Tidspunkt for kistenedsetjing blir avtalt med gravplassmyndigheita.

Bisetjing

Bisetjing

Ved bisetjing blir gravferdsseremonien avslutta utan at kista blir senka i jorda. Kista blir i staden kremert, og urna med oska blir gravlagd på eit seinare tidspunkt.

Urna kan mellom anna setjast ned i ei urnegrav, ei eksisterande kistegrav eller i ein minnelund.

Kistegrav

Kistegrav

Ei kistegrav er ei grav berekna for gravlegging av kiste. Grava kan ha eige gravminne og plantefelt dersom dei pårørande ønskjer det.

Det er også mogleg å setje ned urner i ei kistegrav.
 

Tilpass lokalt ved behov:
Her kan det opplysast om kommunen tilbyr til dømes kistegraver med dobbel djupn eller andre særlege gravtypar.

Bruk av eksisterande grav

Bruk av eksisterande grav

Har familien allereie ein gravstad, kan denne i mange tilfelle nyttast ved ei ny gravlegging.

Ei eksisterande kistegrav kan nyttast til ny kistegravlegging når fredingstida er ute og dei andre vilkåra er oppfylte. Det kan også vere mogleg å setje ned ei urne i ei eksisterande kistegrav.


Tilpass lokalt ved behov:
Fredingstida i (Namn) kommune er (tal) år.

Urnegrav

Urnegrav

Ei urnegrav er ei grav berekna for nedsetjing av urner etter kremasjon. Grava kan ha eige gravminne og plantefelt dersom dei pårørande ønskjer det.
 

Tilpass lokalt:
Ei ordinær urnegrav i (Namn) har plass til (tal) urner.

Namna minnelund

Namna minnelund

I ein namna minnelund blir urna sett ned i eit felles gravområde, og namnet til den avdøde blir sett på ei namneplate på eit felles minnesmerke.

Gravplassmyndigheita sørgjer for felles beplantning og stell av området. Det er derfor ikkje nødvendig å stelle ei eiga grav. Blomar og gravlys kan plasserast på tilvist stad.
 

Tilpass lokalt:
I (Namn) finst namna minnelund på (namn på gravplass/gravplassar).

Eventuelle lokale reglar om kostnader, reservasjon av plass eller feste kan leggjast til her.

Anonym minnelund

Anonym minnelund

I ein anonym minnelund blir urna gravlagd utan individuell namnemarkering. Den nøyaktige plasseringa av grava er berre kjend for gravplassmyndigheita.

Grava kan ikkje festast, og det blir ikkje sett opp eige gravminne. Eventuelle blomar og gravlys blir plasserte på tilvist stad.
 

Tilpass lokalt:
I (Namn) finst anonym minnelund på (namn på gravplass/gravplassar).

Urnedsetjing

Urnedsetjing

Urnenedsetjing er sjølve handlinga der urna med oska etter den avdøde blir sett ned i ei grav etter kremasjon.

Tidspunktet blir avtalt med gravplassmyndigheita, som sørgjer for at grava er klargjord til urnenedsetjinga.
 

Tilpass lokalt ved behov:
Her kan det opplysast om lokale rutinar for gjennomføring, kven som kan delta, eller korleis urnenedsetjing blir bestilt.

Oskespreiing

Oskespreiing

Oskespreiing inneber at oska etter den avdøde blir spreidd i naturen i staden for å bli gravlagd.

Det må søkjast Statsforvaltaren om løyve til oskespreiing. Etterlatne kan søkje dersom det kan dokumenterast at den avdøde ønskte oskespreiing.

Ved oskespreiing blir det ikkje oppretta ein ordinær gravstad med gravminne.


For meir informasjon om oskespreiing og søknadsskjema, sjå info.altinn.no/nn/skjemaoversikt/statsforvaltaren/askespredning-soknad/ →

Treng du meir informasjon?

Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg →